Find Your Next Job
Sommarvikariat Eller Helgestilling På Fødeavdelinga, Kvinneklinikken
Posted on March 21, 2025
- Bergen, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Part Time

Litt om Fødeavdelinga:
Vi har tre fødeeiningar på Kvinneklinikken: Føde AB, Føde B og Føde D Storken. Føde AB har ansvar for risiko fødande og deira barseltid, samt gravide som blir innlagd i svangerskapet. Føde C er ei kombinert eining og ivaretar fødande i eit mellom-risikonivå. Føde D Storken er ei kombinert lavrisiko føde-barseleining.
Ved Svangerskap og barselpoliklinikk har vi poliklinisk oppfølging for kvinner som får komplikasjonar i svangerskapet, samt barseloppfølging.
Alle seksjonane samarbeidar tett for å løyse bemanningsufordringar i fellesskap.
Fødeavdelinga er såleis ein spennande arbeidsstad for jordmorstudentar, som ønsker eit sommarvikariat utanom det vanlege.
- Vi treng sommarvikarar til 100% stilling frå veke 25-33. Det vil vere 3-delt turnus, med arbeid 2. kvar helg.
- Vi treng og studentar til 15% helgestilling. Det vil vere 3.kvar helg vidare utover hausten.
Skriv i søknaden kva for stilling du søker på.
06.04.2025
Helse Bergen HF
Deltid, Heiltid
Vikariat
20, 100
4941648176
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg ansvar for føde-barselkvinner
- Rettleiing av "nybakte" foreldre
- Oppfølging av nyfødde i perinatalperioden
-
Varierande sjukepleieoppgåver
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiefagleg utdanning med norsk autorisasjon
- Må ha grunnleggande IKT-kompetanse
- Må meistre norsk eller skandinavisk språk munnleg og skriftleg
- Påbyrja studie i jordmorfag
- Generell sjukepleieerfaring er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjonseevner
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Vere ein god teamarbeidar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Fleksibel
- Tåle endring
- Tilpassingsdyktig
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!