Find Your Next Job

Tilkallingsvikar Maskinsjef Nordmøre Og Trøndelag

Posted on April 28, 2025

  • N50, Norway
  • 0 - 0 USD (yearly)
  • Full Time

Tilkallingsvikar Maskinsjef Nordmøre Og Trøndelag

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS



Om stillinga

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!


Fjord1 søkjer tilkallingsvikarar i stillinga som maskinsjef i Nordmøre og Trøndelag.

Ei fin moglegheit for deg som kanskje vil arbeide litt ekstra i friperiodar frå din hovedarbeidsgjevar, eller kanskje du er pensjonert og har lyst å ta nokre vakter av og til?

Skiftordning og behov vil variere på dei ulike sambanda.

Oppstart etter avtale.


Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

13.05.2025

Arbeidsgivar:

Fjord1 AS

Stillingstittel:

Tilkallingsvikar maskinsjef Nordmøre og Trøndelag

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Vikar

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4962075142

Sosial deling :


Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
  • Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
  • Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
  • Sørge for opplæring av personell under si leiing
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
  • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
  • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonar

  • Minimum M3-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise-og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest
  • MES opplæring
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
  • Gode leiareigenskaper
  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Fleksibel
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og maskinistforbundet
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar



Adresse:
Trøndelag, Norge

Norge

Kontaktinformasjon

Torill Vestad
Bamanningskoordinator
Telefon:
913 18 256
E-post:
torill.vestad@fjord1.no
Lise-Beathe Naas
Bemanningskoordinator
Telefon:
+47 93853263
E-post:
lise-beathe.naas@fjord1.no

Om arbeidsgivaren

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.


Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!