Find Your Next Job

Tilkallingsvikar Navigatør Nordmøre

Posted on Feb. 11, 2025

  • Part Time

Tilkallingsvikar Navigatør Nordmøre

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS



Om stillinga

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

No søkjer vi tilkallingsvikarar som navigatør på Nordmøre. Behovet vil gjelde ulike samband, og oppdrag kan variere i lengd om omfang.

Dette er ei fin moglegheit for deg som f.eks ønskjer å jobbe litt ekstra i friperiodar frå din hovedarbeidsgjevar, eller for deg som er pensjonert og har lyst ta nokre vakter av og til.

For å trivast i denne rolla har du relevant utdanning og sertifikat som navigatør. Du er fleksibel og likar ein variert arbeidskvardag der du kan stille på kort varsel. I tillegg jobbar du både sjølvstendig og godt saman med andre, og du har alltid tryggleig og service i fokus.

Skiftordning: Vil variere på dei ulike sambanda.

Oppstart etter avtale.


Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

25.02.2025

Arbeidsgivar:

Fjord1 AS

Stad:

Føresvik

Stillingstittel:

Tilkallingsvikar navigatør Nordmøre

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Deltid

Tilsetjingsform:

Vikar

Stillingsprosent:

0

Webcruiter-ID:

4920712497

Sosial deling :


Arbeidsoppgåver

Som navigatør vil du ha ei sentral rolle om bord og bidra til trygg og effektiv drift av fartøyet.
Dine hovudoppgåver vil vere:


  • Leie dekksavdelinga og vere avløysar for skipsførar.
  • Utføre ettersyn og vedlikehald av navigasjonsutstyr.
  • Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig.
  • Treffe nødvendige avgjersler ved skipsførar sitt fråfall.
  • Oppdatere og halde ved like vedlikehaldssystemet for dekk.
  • Ansvar for opplæring, utvikling og trening av mannskapet.


I tillegg skal du sørge for at:


  • Mannskapet har riktig verneutstyr.
  • Passasjerane vert behandla på ein høfleg og profesjonell måte.
  • Kommunikasjonsutstyret fungerer som det skal.
  • Billettering og kontroll vert gjennomført i samsvar med rutinar.

Kvalifikasjonar

  • D3 sertifikat
  • ROC/GMDSS-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise-og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest

Personlege eigenskapar

For å lukkast i denne rolla er det viktig at du har forståing for og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå måla våre. Du har gode leiareigenskapar og trivst med å jobbe tett med andre over tid.

I tillegg ser vi etter ein person som har godt humør, er serviceinnstilt og kommuniserer tydeleg og effektivt. Du er fleksibel og tilpassar deg ulike situasjonar, samtidig som du alltid har fokus på tryggleik og kvalitet i arbeidet.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar



Adresse:
E39, 5561 Føresvik, Norge


Kontaktinformasjon

Torill Vestad
Bemanningskoordinator
Telefon:
+47 91318256
E-post:
torill.vestad@fjord1.no

Om arbeidsgivaren
Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.

Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.

Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!