Find Your Next Job
Tilkallingsvikar På Kaihuset Ungdomshus Og Open Møteplass
Posted on May 13, 2025
- Ørsta, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Part Time

Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune
Ørsta kommune har fleire gode lågterskeltilbod til uorganisert born og ungdom. Tilboda vert nytta av born og ungdom frå 4.trinn og opp til VGS.
Kommunen søkjer no etter tilkallingsvikarar til desse tilboda. Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille på kort varsel, ved sjukdom eller anna fråvær.
Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Mynde til å gjere slik tilsetting er delegert til tenesteleiar. Tilsettinga skjer fortløpande.
31.05.2025
Ørsta kommune
Ørsta
Tilkallingsvikar på Kaihuset ungdomshus og Open møteplass
1
Deltid
Vikar
1
4968793492
Arbeidsoppgåver
- Arbeide med born og unge frå 4.trinn og opp til VGS
- Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel
Dei aktuelle tenestestadane er:
- Kaihuset - ungdomshus med tilbod for ungdom i alderen 8.trinn til 18 år. Opningstid på kveldstid.
- Open møteplass - eit ettermiddagstilbod i Ørstahallen, kvar vekedag etter skuletid (13:30/14:30-17:00)
Kvalifikasjonar
- Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar.
- Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest etter Opplæringslova § 17-11
Personlege eigenskapar
- Du har høg relasjonskompetanse
- Du trivast i samspel med born og ungdom
- Du bidreg til utviklinga av eit inkluderande og raust barne- og ungdomsmiljø i Ørsta
- Du er ein god rollemodell og ein trygg og god vaksenperson
- God i norsk, særleg munnleg
- Stabilitet og personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane. Referansar vert nytta
Vi tilbyr
- Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidsdag
- Eit godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP
Stillingane er plassert i kap. 4 gr. 1
Arbeidsavtalane i samsvar med gjalden lov, forskrift og avtaleverk.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!