Find Your Next Job

Tilsynsdivisjon Mat Og Grensekontroll

Posted on March 31, 2025

  • Full Time

Tilsynsdivisjon Mat Og Grensekontroll

Tilsynsdivisjon mat og grensekontroll

Søk på stillinga


Om stillinga

Grensekontrollstasjonen Haugesund Havn på Karmøy blei opna våren 2023. Grensekontrollen er godkjent for alle produktkategoriar innan animalske produkt med unntak av levande dyr. For å kontrollere varer frå tredje land har vi behov for førsteinspektør/seniorinspektør som kan jobbe ved grensekontrollstasjonen.

Du vil få ein variert arbeidskvardag og vil jobbe i eit tverrfagleg miljø. I hovudsak vil oppgåvene utføres ved grensekontrollstasjonen, men du vil også ha kontorplass i Mattilsynets lokaler på Aksdal.

Mattilsynet er i ein organisasjonsendring, der vi skal gå frå regionale avdelingar til fagorganisering i divisjonar. Dette vikariatet vert ein del av Tilsynsdivisjon mat og grensekontroll, avdeling grensekryssende varer, seksjon grensekontroll.


Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

14.04.2025

Arbeidsgivar:

Mattilsynet

Stad:

Avaldsnes, Aksdal

Stillingstittel:

Førsteinspektør/seniorinspektør

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Vikar

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4941728811

Startdato:

01.05.2025

Sluttdato:

30.04.2026


Arbeidsoppgåver

  • Utføre grensekontroll frå tredjeland (land utanfor EU/EØS) ved Grensekontrollstasjonen Haugesund havn
  • Rettleie verksemder om krava til import
  • Behandle meldingar i det europeiske meldesystemet TRACES NT
  • Administrativt arbeid ved grensekontrollen, i tillegg til det faglege ansvaret for den kontrollen som blir gjennomført
  • Samarbeide med grensekontrollane i Noreg
  • Samarbeide med Tolletaten
  • Arbeidstid både i normalarbeidstid, kveld, morgon og helg etter ein vaktplan og med rullering av oppgåver
  • Oppgåver innan andre område i tilsynsdivisjonen kan bli aktuelt

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som:

  • Har bachelor eller master innan relevante fagområde for eksempel veterinærfag, matvitenskap, biologi eller tilsvarande
  • Kommuniserer tydeleg, snakkar og skriv flytande norsk og engelsk
  • Har evne til å tilpasse deg nye digitale løysingar
  • Har førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • God rolleforståing, og evnar å gjere gode vurderingar i forvaltninga av regelverket
  • Kan kombinere samarbeid internt i teamet og på tvers av fagområde med å jobbe sjølvstendig
  • Du er god til å rettleie og formidle det komplekse på ein forståeleg måte, og finne løysingar
  • Er fleksibel i arbeidskvardagen, du kan planlegge godt, ta gode avgjersler i ein hektisk arbeidsdag, og kan tilpasse deg endringar
  • Kan takle vaktordning med rullering i arbeidstid dag, kveld og helg.

Personleg eignaheit og korleis du passer inn i teamet er ein viktig del av vurderinga, slik at vi saman får løyst samfunnsoppdraget.

Vi tilbyr

  • Vikariat som førsteinspektør (stillingskode 1498) eller seniorinspektør (stillingskode 1499) med lønn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og kompetanse. For tida årslønn frå kr 550.000 - 730.000 for samanliknbare stillingar i Mattilsynet.
  • Ordna arbeidsforhold, overtid og ugunstig arbeidstid blir kompensert i samsvar med gjeldande regelverk
  • Arbeid med eit spennande og viktig samfunnsoppdrag, i ein organisasjon i endring
  • Faglege utfordringar og moglegheit for kompetanseheving i eit arbeidsmiljø prega av sterkt engasjement, stor arbeidsglede og kollegastøtte.
  • Medlem i Statens pensjonskasse med gode låne- pensjons- og forsikringsordningar


Slik søkjer du:

Søknaden blir motteke elektronisk via Mattilsynet sitt rekrutteringssystem, Webcruiter. Du må registrere deg som brukar før du kan leggje inn søknaden. Vi ber om at du lastar inn vitnemål og attestar som vedlegg. Ver vennleg å oppgi to referanser i søknaden.




Adresse:
Husøyvegen 236, 4262 Avaldsnes, Norge
Opne vegbeskriving
Eikeskogvegen 77
5570 Aksdal
Norge
Opne vegbeskriving

Kontaktinformasjon

Kristin Lervag
Avdelingssjef
Telefon:
92056850
E-post:
kristin.lervåg@mattilsynet.no

Om arbeidsgivaren

Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!

Similar Jobs


Mattilsynet Mattilsynet

Seksjonssjef Servering Og Omsetning Nasjonale Aktører - Tilsynsdivisjon Mat Og Grensekontroll

Tilsynsdivisjon mat og grensekontroll Om stillingen Vi utvikler Mattilsynet for å sikre en f…

Full Time | Sandnes, Norway

Apply 1 week, 6 days ago

Mattilsynet Mattilsynet

Seksjonssjef Matproduksjon Nasjonale Aktører - Tilsynsdivisjon Mat Og Grensekontroll

Tilsynsdivisjon mat og grensekontroll Om stillingen Vi utvikler Mattilsynet for å sikre en f…

Full Time | Sandnes, Norway

Apply 2 weeks ago

Mattilsynet Mattilsynet

Seksjonssjef Kosmetikk Og Kosttilskudd - Tilsynsdivisjon Mat Og Grensekontroll

Tilsynsdivisjon mat og grensekontroll Om stillingen Vi utvikler Mattilsynet for å sikre en f…

Full Time | Ski, Norway

Apply 2 weeks ago