Find Your Next Job
Universitetslektor (10 % Ekstraerverv "Bistilling") I Gastroenterologisk Kirurgi
Posted on Feb. 24, 2025
- Bergen, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Part Time

UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetslektor (10 % ekstraerverv "bistilling") i gastroenterologisk kirurgi, 4 år
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig to åremålsstillingar som universitetslektor (10 % ekstraerverv «bistilling») i gastroenterologisk kirurgi i 4 år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til fast hovudstilling (minimum 50 %) ved Stavanger universitetssjukehuset. Arbeidsstad er ved Stavanger universitetssjukehus. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet. Stillinga inneber også undervisning for medisinstudentar i studieprogrammet "Vestlandslegen" ved SUS. Det er forventa at søkjarar har interesse for og kunnskap om moderne pedagogiske prinsipp for studentaktiverande og praksisnær undervising i tråd med den pedagogiske grunnmuren for Vestlandslegen.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til Vestlandslegen, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha norsk cand.med. - grad eller tilsvarande kompetanse og vere godkjend spesialist i gastroentererologisk kirurgi.
- Søkjarar må fylle krav til utdanningsfagleg kompetanse, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.
- Det er eit ynskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, samt engasjement og interesse for rettleiing og oppfølging av studentar i praksis.
- Det er eit ynskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring.
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Vi tilbyr:
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Løn er for tida kr 594 500 – 657 300 (kode 1009) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
- Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
- Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)
- Dersom du driv forsking legg du og ved:
- Fullstendig publikasjonsliste
- Vitskaplege arbeid (maks 10) i pdf format
På bakgrunn av desse opplysningane vil den sakkunnige komiteen gjere ein gjennomgang av søkjarane. Deretter vil fakultetet invitere dei best kvalifiserte søkjarane til å sende inn vitskaplege arbeid.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Audun Vik-Mo, studieleiar Audun.vik-mo@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Om Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter.
Søknadsfrist
17. mars 2025
Arbeidsgivar
Universitetet i Bergen
Kommune
Omfang
Deltid (2 stillingar) (10%)
Varigheit
Åremål
Arbeidsstad
Ledige stillingar - Universitetet i Bergen
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!