Find Your Next Job
Vidareutdanningsstilling I Allergologi
Posted on Feb. 11, 2025
- Bergen, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Part Time

28.02.2025
Helse Bergen
Vidareutdanningsstilling
1
Deltid
Vikariat
50
4918788362
Regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet (RAAO) Helse Vest har som oppgåve både å vere kompetanseteneste og behandlingsteneste. RAAO Helse Vest er ein tverrfagleg poliklinikk som gjev eit utfyllande tilbod til utgreiing og behandling av allergiske sjukdommar, og er såleis eit tillegg til den allergologiske verksemda som elles finst ved Haukeland universitetsjukehus. RAAO Helse Vest har over mange år bygd opp fagkompetanse innan allergi og annan overfølsomhet. Særleg fokus har vore på å utvikle spesialallergologiske tilbod innan utgreiing av anafylaksi, yrkesallergi, matallergi/-intoleranse, legemiddeloverfølsomhet, allergisk sjukdom i fleire organsystem, allergen immunterapi og allergologisk laboratoriediagnostikk.
Kvalifikasjonar
- Ferdig spesialist med norsk autorisasjon som ønsker å vidareutdanne seg i kompetanseområdet allergologi
- Spesialist innanfor eit relevant fagfelt, og ha spesiell interesse i allergologi
- Klinisk erfaring frå arbeid med allergirelaterte sjukdommar
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Nysgjerrig og vitebegjærleg
- Tar initiativ, med evne til strukturert og systematisk arbeid
- Tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, tilbyr gjerne hjelp og deler raust av kompetansen din
- Evne til tverrfagleg lagspel og inkluderande engasjement
- Pådrivar i fagutvikling og engasjert i forsking
- Du er lojal
- Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt tverrfagleg miljø
-
Du har stor arbeidskapasitet, er effektiv og fleksibel
- Har evne til å trivast i eit aktivt og endringsorientert miljø
- Du har gode kommunikative evner
Vi tilbyr
- Eit aktivt miljø, med gode samarbeidsrelasjonar, og spennande arbeidsoppgåver
-
Med seksjon for allergi- og proteinanalysar ved Laboratorium for klinisk biokjemi, avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin og RAAO Helse Vest som sentrale einingar er det etablert tverrfaglege og avdelingsovergripande nettverk i fagområdet allergologi ved sjukehuset, samt regionalt og nasjonalt
- I samarbeid med Universitetet i Bergen og andre lokale, nasjonale og internasjonale institusjonar er det etablert brei forskingsverksemd ved avdelinga
- Seksjonen favner breidden i allergologi, og på enkelte felt har vi unik spisskompetanse
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!