Find Your Next Job

Vikariat Cateringmedarbeidar I Sambandet Hareid-Sulesund

Posted on Dec. 2, 2024

  • Hareid, Norway
  • No Salary information.
  • Full Time

Vikariat Cateringmedarbeidar I Sambandet Hareid-Sulesund

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS



Om stillinga

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!


Fjord1 har ledig vikariat som cateringmedarbeidar i sambandet Hareid - Sulesund i 6 mnd.


Søkjarar bør bu lokalt.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

16.12.2024

Arbeidsgivar:

Fjord1 AS

Stad:

Hareid

Stillingstittel:

Cateringmedarbeidar i sambandet Hareid-Sulesund, p.t. MF Suløy

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Vikar

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4890181517

Sosial deling :


Arbeidsoppgåver

  • Delta i førebuing og sal av mat
  • Delta i reinhald av dei områder som høyrer til cateringdrifta
  • Varebestilling/varemottak
  • Andre relevante oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Kurs krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel
  • Godt humør
  • Serviceinnstilt
  • Effektiv

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund
  • Godt arbeidsmiljø
  • Skiftordning: 1 veke på, 1 veke av.



Adresse:
Riksveg 61, 6060 Hareid, Norge


Kontaktinformasjon

Tonje Natvik
Bemanningskoordinator
Telefon:
+47 90855987

Om arbeidsgivaren
Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.

Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.

Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!