Find Your Next Job

Vil Du Bli Vår Nye Maskinsjef?

Posted on Nov. 23, 2024

  • N15, Norway
  • 0 - 0 USD (yearly)
  • Full Time

Vil Du Bli Vår Nye Maskinsjef?

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS



Om stillinga


Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Aukra - Hollingsholmen, på vår flotte el-ferje MF Norangsfjord.

MF Norangsfjord er bygd i 2009, men blei i 2019 ombygd frå dieselmekanisk til hybridelektrisk framdrift.

Kvifor velje oss?

  • Variert og spanande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
  • Fleksibel skiftordning: 2 veker på , og 2 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
  • Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
  • Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!

Søkjar bør bu lokalt. Oppstart etter avtale.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!


Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

18.12.2024

Arbeidsgivar:

Fjord1 AS

Stad:

Aukra, Molde

Stillingstittel:

Maskinsjef i sambandet Aukra-Hollingsholmen, p.t. MF Norangsfjord

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4892847976

Sosial deling :


Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar og skal sørge for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
  • Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
  • Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
  • Sørge for opplæring av personell under si leiing
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
  • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine teikningar og tekniske manualar
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
  • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonar

  • Minimum M3-sertifikat
  • Høgspentkurs
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Allsidig erfaring som maskinsjef

Personlege eigenskapar

    Vi søkjer ein sjølvstendig og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
  • Attrakive velferdsordningar.
  • Skiftordning: 2 veker på, og 2 veker av



Adresse:
Aukra ferjekai, Fv216, 6480 Aukra, Norge

Hollingsholmen fergekai
Fv662 90
6409 Molde
Norge

Kontaktinformasjon

Jonas Hovland
Bemanningskoordinator
Telefon:
+47 90210232
E-post:
jonas.hovland@fjord1.no

Om arbeidsgivaren
Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.

Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.

Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!