Find Your Next Job

Fjord1

Vil Du Bli Vår Nye Matros?

Posted on Nov. 21, 2024

  • Full Time

Vil Du Bli Vår Nye Matros?

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS



Om stillinga

Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har no ei ledig stilling som matros i sambandet Eidsdal - Linge, p.t. trafikkert av vår nybygde EL-ferje MF Norddalsfjord. Søkjer må ha papirer/fartstid til å gå som matros, og mestre nordisk språk.

Kvifor velje oss?

  • Variert og spanande arbeid: Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spanande oppgaver/utfrodringar.
  • Fleksibel skiftordning: Døgnvakter - 2 veker på, og 2 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
  • Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
  • Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!

Søkjer bør bu lokalt, men sambandet har hybel som kan benyttes i Eidsdal.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fridtid!

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

05.12.2024

Arbeidsgivar:

Fjord1 AS

Stad:

Eidsdal, Valldal

Stillingstittel:

Matros i sambandet Eidsdal-Linge, p.t. MF Norddalsfjord

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4888037444

Sosial deling :


Arbeidsoppgåver

  • Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
  • Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
  • Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Verne- og miljøarbeid
  • Kundehandsaming

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev matros, eller nok fartstid til å mønstre matros
  • Ferdigheitssertifikat HMOB
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Mestring av Nordiske språk.

Personlege eigenskapar

    Vi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjømannsforbund.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
  • Attrakive velferdsordningar.
  • Skiftordning: Døgnvakter - 2 veker på, og 2 veker av.



Adresse:
Ferry Eidsdal-Linge, Fv63 90, 6215 Eidsdal, Norge

Linge Ferry Pier
Fv63
6210 Valldal
Norge

Kontaktinformasjon

Solveig Bjørnvold
Bemanningskoordinator
Telefon:
+47 479 04 789
E-post:
solveig.bjornvold@fjord1.no

Om arbeidsgivaren
Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.

Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.

Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Customize Your Resume to Match this Job


Share with Friends!