Find Your Next Job
Assistent Til Fast Helgestilling
Posted on May 20, 2025
- Bergen, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Part Time

Kronstad Allmenn døgnbehandling tilbyr korte målretta opphald akutt og elektivt.
Behandlingstilbodet er individuelt utforma, men kan innehalde: Utgreiing av diagnose og funksjonsnivå, medikasjon, ECT (som blir utført av avdeling for psykosomatikk), samtalebehandling med behandlingsteam, i grupper og individuelle samtalar, miljøterapi, fysisk aktivitet, psykoedukasjon, etablering av kontakt med ettervern, sosionomtenester, oppfølging frå fysioterapeut, heimebesøk, samtalar med pasientens barn og pårørande.
Vi har ledig faste 17% helgestillingar som assistent med oppstart snarast/etter avtale.
Er du student og vurderer å jobbe innan psykiatri seinare, er dette ein jobb som gir mykje relevant erfaring.
03.06.2025
Helse Bergen HF
Assistent til fast helgestilling
Deltid
Fast
17
4972404865
16.06.2025
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene er å følge opp pasientar ut frå retningslinjer gitt av behandlande team. Dette kan skje i døgneininga, men kan og dreie seg om å følge pasientar heim eller på tur, delta i ulike aktivitetar o.l
- I tillegg til direkte pasientarbeid vil det og vere arbeid av meir praktisk art som t.d. tilrettelegging av måltid, rydde og halde reint
Kvalifikasjonar
- Stillinga passar godt for studentar innan ulike helsefag
- Det er ønskeleg med førarkort då vi disponerer bil
- Søkar må meistre norsk, både skriftleg og munnleg
Vi tenker at du:
- Er pasientorientert
- Kan jobbe sjølvstendig
- Er ansvarsbevisst
- Har respekt for kvar enkelt pasient
- Er samarbeidsvillig og fleksibel
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!
Similar Jobs
Helse Bergen
Sjukepleiestudentar Som Pleieassistent På Gastrokirurgen
Om stillinga Vi har ledige faste helgestillingar for sjukepleiarstudentar ved Kirurgisk Klinikk pos…
Part Time | Bergen, Norway
Apply 2 weeks, 3 days ago
Sandnes kommune
Assistent/Fagarbeider/Student
EFF - Enhet for funksjonshemmede, Sandnes kommune Om stillingen Er du helsefagarbeider, elev eller…
Part Time | Sandnes, Norway
Apply 1 month ago
Bergen Kommune
Fast Helgestilling Ved Hamregården Bofellesskap
Om stillingen Bofellesskapet er en del av Botjenester i Fyllingsdalen. Enheten har spesialkompetans…
Part Time | Fyllingsdalen, Norway
Apply 1 month, 1 week ago
Helse Bergen
Assistentar I Fast Helgestilling
Om stillinga Psykiatrisk klinikk er ein klinikk i Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen. Psykiat…
Part Time | Bergen, Norway
Apply 1 month, 3 weeks ago
Helse Bergen
Sjukepleiestudent/ Medisinstudent
Om stillinga Ønsker du å vere med å vidareutvikle det spesialiserte palliative t…
Part Time | Bergen, Norway
Apply 1 month, 4 weeks ago
Helse Bergen
Pleieassistent På Helg
Om stillinga Lokal sikkerheitspost har no ledig faste helgestillingar, pt. 3. kvar helg for snarleg…
Part Time | Bergen, Norway
Apply 2 months, 1 week ago
Haugesund kommune
Rekrutteringsstilling Hver. 3 Helg 31,35 % Fast
Om stillingen Tilrettelagte tjenester gir tjenester etter vedtak hjemlet i helse- og omsorgstjenest…
Part Time | Haugesund, Norway
Apply 2 months, 1 week ago
Horten kommune
Assistent/Fagarbeider/Student - Fogdehaven Bofellesskap
Fogdehaven bofellesskap, Horten kommune Om stillingen Er du en stødig og trygg person som k…
Part Time | Horten, Norway
Apply 3 months, 2 weeks ago