Find Your Next Job
Fast Stilling På Helg Ved Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (Asp), Seksjon S3
Posted on April 7, 2025
- Bergen, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Part Time

Seksjon S3 er ein akutt, lukka post med 9 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Seksjon S3 si oppgåve er å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.
Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Vi har ledig 14% faste helgstillingar med arbeid pt. kvar 3. helg med oppstart etter nærare avtale.
Kandidatar blir fortløpande kalla inn til intervju. Det er ein fordel om du har anledning til å jobbe i sommar.
04.05.2025
Helse Bergen HF
Bergen
Deltid
Fast
14
4951043658
05.05.2025
Arbeidsoppgåver
- Følge opp pasientar sin behandlingsplan
- Bygge relasjonar til pasientane
- Bidra til eit trygt og forutsigbart postmiljø
- Praktiske oppgåver
- Ansvarsvakt (sjukepleiar/vernepleiar)
- Administrering av medisinsk behandling (sjukepleiar/vernepleiar)
- Planlegge og sette i verk behandlingsplanar og miljøtiltak (sjukepleiar/vernepleiar)
Kvalifikasjonar
- Studentar innan helsefag, psykologi og sosialfag kan gjerne søke
- Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar/hjelpepleiar må ha norsk autorisasjon
- Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna
- Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi ønsker medarbeidarar som:
- har respekt for kvar enkelt pasient
- er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
- har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksible
- har gode kommunikasjonsevner
- har evner til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/ eller agiterte pasientar
- er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
- er serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
- trivast i eit utfordrande og til tider hektisk miljø
- ønsker og evner å motta rettleiing
Vi tilbyr
- Eit dynamisk miljø med mange utfordringar og læresituasjonar
- Kursing i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk)
- Fagleg og personleg utvikling/ tverrfagleg internundervisning
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!