Find Your Next Job

Pleieassistent På Helg

Posted on March 18, 2025

  • Bergen, Norway
  • No Salary information.
  • Part Time

Pleieassistent På Helg

Om stillinga

Lokal sikkerheitspost har no ledig faste helgestillingar, pt. 3. kvar helg for snarleg tilsetting.

Klinikk Sikkerheitspsykiatri består av fem seksjonar. Regional sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling, Sikkerheitspoliklinikk, Seksjon for fengselshelseteneste, og eit regionalt kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. Ansvaret vårt er å behandle pasientar lokalt frå Helse Bergen HF og frå Helseregion vest. Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern etter § 3.3/ 3,2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5.2 i lov om psykisk helsevern.

Eit viktig samfunnsoppdrag

Vårt samfunnsoppdrag er å gje behandling til mennesker med alvorleg psykisk liding, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gje alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik.

Sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gje omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av sengepost, høg kompetanse og klare rutinar. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/psykolog, ergoterapeut og sosionom arbeider saman om å balansera mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med.

Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?

Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

20.04.2025

Arbeidsgivar:

Helse Bergen HF

Stad:

BERGEN

Stillingstittel:

Pleieassistent på helg

Stillingar:

6

Heiltid / Deltid:

Deltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

20

Webcruiter-ID:

4938350881

Del på X


Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
  • Observasjon av pasientar
  • Dokumentasjon i pasientjournal
  • Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak
  • Følge opp pasientavtalar i henhald til behandlingsplan
  • Delta i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg opphold på avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med erfaring frå rus/psykiatri og miljøarbeid
  • Studentar innan sjukepleie-, vernepleie-, psykologi- og medisin oppfordrast til å søke
  • Søkar må meistre norsk, både skriftleg og munnleg
  • Sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon

Personlege eigenskapar

  • Du evnar å sette deg inn i andre sine kjensler og perspektiv.
  • Du evnar å vise tolmod.
  • Klare og effektive kommunikasjonsferdigheiter i samarbeid med kollegaer og pasientar.
  • Du evnar å tilpasse deg ulike situasjonar og endringar i eit dynamisk arbeidsmiljø.
  • Du er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
  • Du er tilpassingsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning (resiliens)
  • Du er ein god teamarbeidar og likar å jobbe tverrfagleg
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du etterspør rettleiing

Vi tilbyr

  • Du vil få god opplæring og rettleiing
  • Opplæring i "Møte med aggresjonsproblematikk" (MAP)
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Trygt og godt arbeidsmiljø
  • Dette er ei stilling som gjev både fagleg og personleg utvikling
  • Kompetente medarbeidarar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.




Adresse:
Sandviksleitet 1, 5036 BERGEN, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Charlotte Sunde
Ass seksjonsleiar
Telefon:
55958354
E-post:
charlotte.sunde@helse-bergen.no
Joachim Honningsvåg
Konstituert seksjonsleiar
Telefon:
55958348
E-post:
jcho@ihelse.net

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.


Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!

Similar Jobs


Meløy kommune Meløy kommune

Sommervikarer Ved Vall Sykehjem

Om stillingen ER DU KLAR FOR NYE EVENTYR I NORD? Vall sykehjem ligger i søndre del av Meløy kommu…

Full Time | Ørnes, Norway

Apply 1 month, 1 week ago