Find Your Next Job

Stipendiat I Anvendt Og Utrekningsorientert Matematikk

Posted on March 28, 2025

  • Bergen, Norway
  • 0 - 0 USD (yearly)
  • Full Time

Stipendiat I Anvendt Og Utrekningsorientert Matematikk

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Stipendiat

Ved Matematisk institutt ved Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som stipendiat i anvendt og utrekningsorientert matematikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til Senteret for berekraftige undergrunnsressursar (Center for Sustainable Subsurface Resources (CSSR)).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Den som vert tilsett, vil bidra til utvikling av allsidige analyseverktøy for data frå eksperimentell forsking på porøse medium.
  • Stillinga er knytt til Matematisk Institutt og vil samarbeide tett med dei eksperimentelle aktivitetane innan CSSR, og spesielt ved Institutt for Fysikk og Teknologi.
  • Konkret er målet å utvikle og analysere nye matematiske og numeriske metodar for å handsame 4D-data i rom og tid.
  • Konseptuelt omfattar dette data frå eitt eksperiment (regularisering), samanlikning av data mellom to eksperiment (registrering), og analyse av store datasett (statistisk analyse og maskinlæring).
  • Utviklinga vil byggje på teoretiske grunnlag frå numerisk og funksjonell analyse, samt bilethandsaming.

    Om CSSR og Institutt for matematikk ved UiB

  • CSSR er eit nasjonalt forskingssenter dedikert til å utvikle ny kunnskap om undergrunnen og digitale løysingar for å redusere utsleppa frå norsk offshoreindustri.
  • Senteret er eit tverrfagleg samarbeid mellom Universitetet i Bergen, representert ved Matematisk Institutt og Institutt for fysikk og teknologi, samt NORCE Norwegian Research Center.
  • Denne doktorgradsstillinga er knytt til forskingsgruppa for porøse medium ved Matematisk Institutt ved Universitetet i Bergen. Gruppa består av fem faste vitskaplege tilsette, tre faste forskarar og om lag ti doktorgradsstudentar. Forskinga i gruppa fokuserer hovudsakleg på numeriske og berekningsorienterte metodar for prosessar knytte til porøse materiale, med særleg vekt på geologiske nytteområde.
  • Dette er den rette stillinga for deg dersom du er ein høgt motivert kandidat som ønskjer å bli del av eit tverrfagleg forskingsmiljø og vidareutvikle grensene innan anvend matematikk og dataanalyse.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innanfor anvendt og utrekningsorientert matematikk, vitskaplege berekningsmetoder, berekningsbasert fysikk eller berekningsbasert geovitskap.
  • Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører den endelege mastereksamenen innan 01.07.2025. Det er eit vilkår for tilsetjing at mastergraden er oppnådd.
  • Solid kompetanse innan anvend og berekningsorientert matematikk, samt relevant programvareutvikling, er eit krav.
  • Erfaring med partielle differensiallikningar og bilethandsaming er ein fordel.
  • Erfaring med statistikk og store datasett er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha svært gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane sine bakgrunn bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.


Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande:

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr 540 500. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
  • Ein pdf-kopi av masteroppgåva di, dersom ho er ferdig, eller ein aktuell utkastversjon av masteroppgåva di
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • ei liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle andre publikasjonar i ditt namn

    Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Jan Martin Nordbotten, Matematisk institutt, Universitetet i Bergen, e-post: jan.nordbotten@uib.no, telefon: +47 909 65 990.

For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med HR-rådgjevar Magnus Skogstad, Universitetet i Bergen, e-post: magnus.skogstad@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.


Kunnskap som former samfunnet

Universitetet i Bergen er en anerkjent utdannings- og forskningsinstitusjon, organisert i syv fakulteter og rundt 54 institutter og faglige sentre. Campus ligger i sentrale deler av Bergen med universitetsområder på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av syv institutt og en rekke sentre. Les mer om fakultet og tilhørende institutt.

Spørsmål om stillingen

Magnus Skogstad

Rådgiver

magnus.skogstad@uib.no

Søk stillingen

Søknadsfrist

20. april 2025

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Kommune

Bergen

Omfang

Heltid

Varighet

Fast

Arbeidssted

Christiesgt. 18, 5020 Bergen

    Ledige stillinger - Universitetet i Bergen


Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!