Find Your Next Job

Undervisningsstilling I Inntil 80 % Vikariat I Engelsk Og Samfunnskunnskap

Posted on Feb. 21, 2025

  • Bryne, Norway
  • 0 - 0 USD (yearly)
  • Part Time

Undervisningsstilling I Inntil 80 % Vikariat I Engelsk Og Samfunnskunnskap

Bryne vgs, Rogaland fylkeskommune

Om stillingen

Bryne vidaregåande skule er ein av landets største vidaregåande skular med om lag 2000 elevar og 330 tilsette. Skulen har eit breitt tilbod fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, påbyggsklasser, restaurant- og matfag, sal, service og reiseliv, studiespesialiserande, teknologi- og industrifag, fengselsundervisning og vaksenopplæring dag- og kveldstilbod. I tillegg har me fleire grupper innanfor spesialundervisning. Skulen ligg sentralt i Bryne sentrum i eit miljø prega av læring, næring og kultur. Våre satsingsområde er vurderingspraksis, relasjonar og profesjonsutvikling med bakgrunn i fagfornyinga, djupnelæring og satsingsområda i ny overordna del. Elevane som samfunnsressurs er viktig for skulen.
Meir informasjon om skulen på www.bryne.vgs.no

Frå 01.03.2025 er det eit inntil 80 % vikariat fram til slutten av skuleåret. Faga som skal dekkjast, er engelsk og samfunnskunnskap. Det kan bli aktuelt med ei større stilling utover våren og ei forlenging til hausten.

Søkjarane må ha kompetanse i begge faga som er utlyste.

Lærarane går inn i etablerte samarbeid organisert i faglag i dei ulike faga.

Det er aktuelt med undervisning på yrkesfaglege- og studiespesialiserande programområde.


Kvalifikasjoner

  • Søkjar må ha formell undervisningskompetanse i begge faga, og det er ein fordel med godkjend praktisk pedagogisk utdanning
  • Godkjend politiattest
  • Gode norskkunnskapar

Personlige egenskaper

  • Ein tydeleg klasseleiar som trivst med ungdom og som evner å bruke varierte og tilpassa opplæringsmetodar
  • Ein tilsett som er open og samarbeidsorientert, og som er ein kreativ formidlar med godt humør
  • At du er fleksibel, engasjert og utviklingsorientert
  • At du har gode digitale ferdigheiter

Vi tilbyr

  • Eit dynamisk kollegium i nye, flotte undervisningsbygg
  • Ein mangfaldig skule med rom for fagleg fordjuping, praktisk og kreativ tilnærming til læring
  • Ein vidaregåande skule med rikelege moglegheiter både for lærarar og elevar
  • Løn etter tariff


Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkeren kan bli offentliggjort selv om søkeren har bedt om ikke å bli ført opp på søkerlisten. Dersom ønsket reservasjon ikke blir tatt hensyn til, vil søkeren bli varslet om dette før offentlig søkerliste blir laget.



Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

28.02.2025

Arbeidsgiver:

Rogaland fylkeskommune

Sted:

Bryne

Stillingstittel:

Undervisningsstilling i inntil 80 % vikariat i engelsk og samfunnskunnskap

Stillinger:

1

Ansettelsesform:

Vikariat

Heltid / Deltid:

Deltid

Stillingsprosent:

80

Startdato:

01.03.2025

Webcruiter-ID:

4925481321

Del på X


Del på Facebook

Kontaktinformasjon

Randi Hadland
Avdelingsleder for samfunnsfag
Telefon:
92087034
E-post:
randi.hadland@skole.rogfk.no
Katrin Kine Frostadottir
Avdelingsleder for språk
Telefon:
91913807
E-post:
katrin.kine.frostadottir@skole.rogfk.no
Adresse:
Hetlandsgate 27, 4344 Bryne, Norge

Om arbeidsgiveren

Rogaland fylkeskommune er en av fylkets største arbeidsgivere med rundt 4300 ansatte. Vi jobber sammen for et grønt og attraktivt Rogaland.
Vil du være med å bygge et bedre Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?


Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!