Find Your Next Job

Undervisningsstillingar - Matematikk Og Naturfag (Fast Og Vikariat)

Posted on March 31, 2025

  • Bryne, Norway
  • 0 - 0 USD (yearly)
  • Full Time

Undervisningsstillingar - Matematikk Og Naturfag (Fast Og Vikariat)

Bryne vgs, Rogaland fylkeskommune

Om stillingen

Bryne vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i landet, med om lag 2200 elevar og om lag 360 tilsette. Skulen har eit breitt tilbod, fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, påbyggsklasser, restaurant- og matfag, sal, service og reiseliv, studiespesialiserande, teknologi- og industrifag, fengselsundervisning og vaksenopplæring dag- og kveldstilbod. I tillegg har me fleire grupper med spesialundervisning. Skulen ligg sentralt i Bryne sentrum, i eit miljø prega av læring, næring og kultur. Våre satsingsområde er vurderingspraksis, relasjonar og profesjonsutvikling, med bakgrunn i fagfornyinga, djupnelæring og satsingsområda i ny overordna del. Elevane som samfunnsressurs er viktige for skulen.

Meir informasjon om skulen på www.bryne.vgs.no.

Det er omlag 150 % undervisningsstilling (80 % fast og 70 % vikariat) ledig i matematikk og naturfag. Ei stilling kan vera ein kombinasjon mellom fast stilling og vikariat og då til saman utgjera 100 % stilling. Stillingane kan gjelde undervisning for elever på studieforberedande, yrkesfag, innføringsklassar og vaksenopplæring.

Oppstart frå 1. august 2025.

Kvalifikasjoner

  • Søkjar skal ha formell undervisningskompetanse i minst eit av faga og godkjend praktisk-pedagogisk utdanning
  • Godkjend politiattest
  • Gode norskkunnskapar
  • Me legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga

Personlige egenskaper

  • Ein tydeleg klasseleiar som trivest med ungdom/unge vaksne, og som evner å bruke varierte og tilpassa opplæringsmetodar
  • Ein som legg vekt på elevaktiv læring og elevmedverknad
  • Ein tilsett som er open, samarbeidsvillig, kreativ og har godt humør
  • At du er fleksibel, engasjert og utviklingsorientert
  • At du har gode digitale ferdigheiter
  • At du tek ansvar for profesjonsutvikling, og er positiv til å reflektera over, og utvikla eigen praksis saman med elevar og kollegaer

Vi tilbyr

  • Flotte undervisningsbygg og eit dynamisk kollegium
  • Ein mangfaldig skule med rom for fagleg fordjuping, praktisk og kreativ tilnærming til læring
  • Ein vidaregåande skule med mange moglegheiter både for lærarar og elevar
  • Løn etter tariff



Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

21.04.2025

Arbeidsgiver:

Rogaland fylkeskommune

Sted:

Bryne

Stillingstittel:

Undervisningsstillingar - matematikk og naturfag (fast og vikariat)

Stillinger:

1

Ansettelsesform:

Annet

Heltid / Deltid:

Heltid

Stillingsprosent:

100

Startdato:

01.08.2025

Webcruiter-ID:

4947287754

Del på X


Del på Facebook

Kontaktinformasjon

Vegard Aamodt
Avdelingsleder
Telefon:
95722420
E-post:
vegard.aamodt@skole.rogfk.no
Adresse:
Hetlandsgate 27, 4344 Bryne, Norge

Om arbeidsgiveren

Rogaland fylkeskommune er en av fylkets største arbeidsgivere med rundt 4300 ansatte. Vi jobber sammen for et grønt og attraktivt Rogaland.
Vil du være med å bygge et bedre Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?


Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!