Find Your Next Job

Vil Du Bli Vår Nye Skipsførar?

Posted on Jan. 7, 2025

  • Full Time

Vil Du Bli Vår Nye Skipsførar?

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS



Om stillinga

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!


Fjord1 søkjer no ein skipsførar til sambandet Hufthamar - Krokeide, p.t. trafikkert av vår flotte elektriske ferje MF Horgefjord. Selskapet dekker manglande krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar.


Kvifor velje oss?

  • Variert og spennande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
  • Fleksibel skiftordning: 2 veker på, og 2 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
  • Gode velferdsordningar: Moglegheit for å leige hytter/leiligheter, samt gode rabattordningar.
  • Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!

Fri kvar lørdag, med moglegheit til å reise heim i helger.

Distansen mellom Bergen-Krokeide er omtrent 25 min!

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

30.04.2025

Arbeidsgivar:

Fjord1 AS

Stad:

Storebø, Bergen

Stillingstittel:

Skipsførar i sambandet Hufthamar-Krokeide, p.t. MF Horgefjord

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4956403313

Sosial deling :


Arbeidsoppgåver

  • Sikkerheitsstyring
  • Energileiing
  • Ansvarleg for teknisk og operativ sikkerheit
  • Ansvarleg for personleg tryggleik
  • Ansvarleg for miljømessig tryggleik
  • Skipsførar er leiar om bord
  • Andre oppgåver i høve til stillingsinstruks

Kvalifikasjonar

  • D1-sertifikat
  • ROC/GMDSS-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsforskrifta
  • Krise-og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest
  • Skandinaviske språkkunnskaper skriftlig og muntlig

Personlege eigenskapar

Vi søker ein erfaren og ansvarsbevisst skipsførar med gode leiareigenskapar og fokus på tryggleik og kvalitet. Du må vere løysingsorientert, sjølvstendig og ha evne til å inspirere og motivere mannskapet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar
  • Skiftordning: 2 veker på, og 2 veker av



Adresse:
Hufthamar ferry dock, Fv546 20, 5392 Storebø, Norge

Krokeide ferjekai
Bergen
Norge

Kontaktinformasjon

Audun Kåre Bergesen
Operativ leiar
Telefon:
90560190
Marit Synnøve Kjetland
Bemanningskoordinator
Telefon:
+47 479 95 295
E-post:
marit.kjetland@fjord1.no

Om arbeidsgivaren

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.


Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!

Similar Jobs


Fjord1 Fjord1

Er Du Vår Nye Ambulerande Skipsførar?

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS Om stillinga Bli med på verdas største grøne…

Full Time | Kristiansund, Norway

Apply 2 weeks, 6 days ago